Treningsleir på Åkra for J13

Samarbeidslaget Varegg/Nordnes J13 (2009) har vore på treningsleir på Åkra. Det blei eit innhaldsrikt opphald med treningskampar, fleire treningsøkter med ball, joggeturar, styrkeøvingar og line dance!

 

2022-06-21
vealund

Fredag 17. juni reiste 22 fotballjenter med bil og buss til Åkra i Karmøy kommune, for å bruke helga til sportsleg og sosialt samvær. Fredagskvelden gjekk med til innkvartering i lagleiar sitt feriehus, brettspel, uteleik og kveldsmat i ein provisorisk matsal i nabohuset, velvillig stilt til disposisjon for oss.

Treningsleir1.png

Laurdag morgon, etter frokost og matpakkesmøring, gjekk jentene langs sjøen over Stong, der dei fekk sjå ei britisk mine frå 2. verdskrig på nært hald og brøle i kor mot storhavet.

Treningsleir2.png

Ferda gjekk vidare til Åkra idrettspark. Dette er eit fantastisk flott idrettsanlegg med to store kunstgrasbanar, fleire små og mellomstore naturgrasbaner og ein splitter ny idrettshall med to handballbanar. Åkra IL v/ dagleg leiar var særs imøtekommande og gav oss fri tilgang til alle ledige banar (som det var rikeleg av) både laurdag og sundag.

På programmet stod treningskampar mot Åkra J14, og det var tøffe og sterke Åkra-jenter som venta oss. Deretter blei vi servert grilla pølser og frukt – alt rigga til av J14. Etter matpausen var det duka for ny treningskamp mot den same spreke gjengen. Ein stor takk til Åkra IL og særleg apparatet rundt J14 for å ha tatt så godt imot oss!

Treningsleir3.png

Treningsleir4.png

Etter at treningskampane var overstått, flytta vi over til naturgras og tida blei brukt til triksing, løkkefotball, finpussing på korleis ein god mur skal plasserast, fruktmåltid og – av alle ting - line dance! Det er multitalenter vi har med å gjere. Vi avslutta laurdagens treningsopplegg med ein joggetur og bading/vassing i ganske så kald sjø på Sandane, før jentene fekk ta seg ein dusj i garderobane på Åkra ungdomsskule.

Treningsleir5.png
På kveldsmenyen stod svært velfortent pizza. Bortsett frå ei kort regnskur mellom treningskampane spelte også vêret på lag. Men Karmøy-sola lurte oss og det var meir enn éitt solbrent fjes i matsalen. Trass over ni timar utandørs, tettpakka med aktivitet, hadde jentene påfallande mykje energi igjen då kvelden kom.

Straks sundagsfrokosten var unnagjort, var det duka for joggetur til moloen, etterfølgd av spasertur til ungdomsskulen der vi fekk låne gymsal. Her gjekk vi gjennom styrkeøvingar som kan gjennomførast både heime og som del av lagstreningane, og som er særleg viktige for å førebygge typiske fotballskader. Det blei også tid til eit mellommåltid og line dance-repetisjon. Siste post på treningsprogrammet var ei utandørs fotballøkt. Til slutt fekk jentene servert betasuppe og så var det berre heimreisa som stod igjen.

Ein treningsleir som dette, med ein såpass stor gjeng, krev detaljert planlegging og villige hjelparar. Med på opplegget var ein lagleiar (frå Åkra), to dedikerte trenarar og to driftige mødrer. I tillegg stod lokale venner og familiemedlemmer for tilrettelegging og nødvendig assistanse. Jentene som deltok var ein fryd å vere saman med, og stemninga var god heile helga. Til og med snopeforbod og mobilhotell på kvelden, blei tatt imot utan sure miner. Opphavleg kjem desse jentene frå Nordnes, Varegg og Djerv. Vi håper at dei sit igjen med inspirasjon, gode minner og ei styrka kjensle av fellesskap i samarbeidslaget. Nå er vi klar for Norway Cup 2022, der vi stiller med to lag og heile 27 spelarar! 

Kalender

Juli
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

HOVEDSPONSORER