Handballfestivalen 2022

I pinsehelga blei det arrangert handballfestival på Stord, etter to pandemiår med avlysingar. Nordnes IL og samarbeidsklubben Viking deltok med over 30 spelarar i klassane J2007, J2008, G2008 og G2009.

2022-06-06
vealund

Felles bussreise frå Nordnes til Stord, prega av medbragt boom blaster, allsang og forventningsfull stemning, var ein perfekt festivalstart. Alle laga våre blei innkvartert på Rommetveit skule og støtteapparatet fekk disponere eit hus like i nærleiken. Dermed låg alt til rette for felles hagefest med grillmat på kvelden. På laurdagen deltok alle laga i paraden gjennom Leirvik sentrum - og så kunne sjølve cupen begynne for alvor, for nesten 400 lag og over 4000 barn og ungdommar.  

J2007 starta i motbakke med tap i første kamp, men stakk deretter av med sigeren i dei neste fire kampane i A-gruppespelet og blei puljevinnar. Gratulerer! Dei tok seg også vidare frå kvartfinale til semifinale, men blei slått ut av eit solid Ålgård-lag.

J2008 hadde ikkje marginane på si side i A-gruppespelet, men klarte å reise kjerringa i kvartfinalen i B-sluttspel etter fabelaktig innsats på banen og massiv støtte frå tribunen. Også i denne semifinalen var motstandarlaget frå Ålgård. Kampen stod uavgjort etter ordinær speletid, men finaleplassen gjekk tapt i ein nervepirrande «sudden death».

For G2009 gjekk det slag i slag med kampar på kunstgras i strålande sol. Laget imponerte publikum med effektivt kontringsspel og innkasserte ein stødig siger i fem av seks kampar. Gjengen hadde dermed all grunn til å vere nøgde under den tradisjonsrike medaljeseremonien.

I G2008-klassa stilte vi med eit lag samansett av gutar (og ei jente) f. 2008 og 2009. Med knallsterkt forsvar, flott samspel og mange gode kontringar, kom laget seg gjennom gruppespelet utan tap. I semifinalen gav dei Kopervik tøff motstand, men finaleplassen glapp for vår gjeng og Kopervik gjekk vidare til siger i finalen. Eit plaster på såret er det då å ha fått med to av spelarane på Handballfestivalen sitt All Stars G13!

All honnør til spelarane som har levert flotte prestasjonar på banen, vist pågangsmot og samhald i motgang, og støtta kvarandre både frå benk og tribune. Vi gler oss allereie til neste år!

Nordnes IL takkar også trenarar, lagleiarar og foreldre som har stått på både før og under handballfestivalen, for å gi ungdommane denne opplevinga!

 

Kalender

Juli
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

HOVEDSPONSORER