NIL-cup 2021 er i gong!

NIL-cup er tilbake, etter at fjorårets cup måtte avlysast få dagar før avspark. Med nydeleg solskin og høgt tempo på banen, var det eit gledeleg gjensyn!

2021-09-04
vealund

I fjor haust skulle NIL-cup 2020 gått av stabelen 12.-13. og 18.-19. september. Puljene var fylt opp, vaktlistene sendt ut, kafévarene stod klar, telt og lydanlegg var leigd inn og mange ivrige fotballspirer gleda seg. Stor var dermed nedturen då vi den 8. september fekk beskjed om at makstalet på deltakarar var endra frå 200 til 50 personar på alle offentlege arrangement i kommunen. Berre to døgn seinare blei det presisert at dette ikkje gjaldt utandørs arrangement, men då var dessverre toget gått.

Desto kjekkare var det dermed å få cupen vår tilbake i år! Første cupdag var også tru mot tradisjonen, med kafé og loddbod, musikk og speaker, fotballfest på banen og felles premieutdeling for kvar pulje. Nytt av året var omfanget av handsprit til disposisjon, kontantfri kafé og loddbod, pålegg om deltakarregistrering og ymse andre smitteverntiltak.

I dag var det jenter og gutar i 12-årsklassen (2009) som spelte sine kampar; i morgon står 10-årsklassen (2011) for tur. Neste helg blir det også full rulle, med 11- og 7-årsklassane (2010 og 2014) på laurdagen og 9- og 8-årsklassane (2012 og 2013) på sundagen.

NIL-cup er 100% dugnadsdriven og inntektene skal gå uavkorta til barne- og ungdomsidretten i klubben. Vi takkar alle som stilte opp i dag og alle som skal stille dei siste tre cupdagane: dugnadsarbeidande foreldre og dommarar, trenarar, lagleiarar, spelarar og publikum, samt årets hovudsponsorar: Bergensgruppen, Aktiv Eiendomsmegling, Printsentralen, Advokatfirmaet Kyrre, Atender, Elektropuls, Hunt VVS og Kiwi.

Kalender

September
MTOTFLS
303112345
6789101112
13141516171819
20212223242526
27282930123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

HOVEDSPONSORER