Stine er medlemsansvarleg i Nordnes IL

Stine Steinsbø blei vald som ny medlemsansvarleg i Nordnes IL på årsmøtet i mars. Ho er rette person å kontakte dersom du vil bli medlem eller har spørsmål som gjeld medlemskap eller medlemsbetalingar til klubben.

2021-04-27
vealund

Nordnes IL har éin medlemsansvarleg for alle klubbens medlemmer og denne viktige rolla er det nå Stine Steinsbø som har fått. Ho står parat til å svare på alle spørsmål om medlemskap, pålogging til brukarprofil og/eller betaling av kontingent og treningsavgift. Du når ho på nilmedlem@gmail.com.

Informasjon om gjeldande satsar finn du her: https://www.nordnesil.no/NIL/Toppmeny/Medlemskap.html

Medlemskontingenten pr. år pr. barn er kr 250,-. For familiemedlemskap pr. år er prisen kr 500,-. Dette betyr at alle familiar som har to eller fleire aktive barn i idrettslaget kan melde inn heile familien (inntil 5 personar pr. familiemedlemskap) utan ekstra kostnad. I tillegg til årskontingenten betaler aktive medlemmer ei treningsavgift  pr. halvår. Treningsavgifta er den same sjølv om medlemmet speler både handball og fotball. Kontingent og treningsavgift for våren blir kravd inn i februar kvart år; treningsavgift for hausten blir kravd inn i september. Betaling skjer frå brukarprofilen på nettsida vår, og dersom ein har familiemedlemskap kan alle betalingane gjennomførast frå familiens hovudkonto.

Blir den økonomiske kostnaden for stor, kan du ta kontakt med Stine. Det viktigaste for oss er at alle barn og ungdommar som har lyst til å vere aktive i klubben, blir med vidare.

Dersom du eller ditt barn ikkje lenger ønskjer å vere medlem i klubben, er det viktig at vi får skriftleg melding om dette til nilmedlem@gmail.com.

Kalender

Oktober
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

HOVEDSPONSORER