Årsmøtet 2020 er gjennomført

Torsdag 11. juni var det endeleg duka for årsmøte i Nordnes IL - tre månader på overtid og under særs trygge forhold. Vi har også takka av ein klubbleiar og fått ein ny.

2020-06-11
vealund

Årsmøtet skulle eigentleg haldast den 12. mars, men måtte utsetjast som følgje av corona-utbrotet. I kveld ble det avvikla i Nordneshallen, og med 11 møtande medlemmer skjedde dette (med god margin) innanfor gjeldande smittevernrestriksjonar. Vi held det nydelege sommarvêret ansvarleg for dei tomme stolane.

Jobben blei likevel gjort og årsmøtet godkjente mellom anna årsmeldingar, rekneskap og budsjett, i tillegg til å vedta nokre mindre vedtektsendringar. Eit nytt hovudstyre er også på plass og fleire andre verv er fylt med ildsjeler på Nordnes.

Glenn Tony Tefre har vore klubbleiar sidan 2017, men har nå overlevert stafettpinnen til Gisle Nygård.

Før Glenn blei klubbleiar sat han fleire år som leiar av BU-styret i fotballgruppa, og har i tillegg vore aktiv som fotballtrenar i barne- og ungdomsavdelinga. Han har altså hatt ein sentral posisjon i klubben, og fortener ein stor og hjarteleg TAKK for innsatsen! Heldigvis blir Glenn med oss vidare, om enn i andre roller - herunder som medlem av styret i Stiftelsen Nordneshallen.

Gisle har vore medlem av hovudstyret sidan 2018 og er trenar for Nordnes IL sitt lag i Gullserien, som er eit kamp- og serietilbod for handballspelarar med funksjonsnedsetting og spelarar som ikkje finn seg til rette på andre lag. Han har også lang fartstid som handballpappa i klubben.

GlennGisle.png

Hovudstyret i Nordnes IL har nå følgjande medlemmer:

Leiar: Gisle Nygård
Nestleiar: Svein Erik Lund
Kasserar: Erkan Mutlu
Styremedlem: Stine Steinsbø
Styremedlem: Taral Zahl Jensen
Medlemsansvarleg: Kristine Herrebrøden
Leiar Handballstyret: Maria Prestmo
Leiar BU-styret fotball: Øystein Grønlund Bekken
Leiar Seniorstyret fotball: Thomas Sandstø

Styret er klar for å ta fatt på mange og viktige oppgåver, og vi ønskjer alle lykke til!

Kalender

Oktober
MTOTFLS
2829301234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer