Høg intensitet, godt humør og solid dugnadsinnsats

Sundag 12. januar blei Nordnesdagen 2020 avvikla. Høg intensitet, godt humør og flinke folk på dugnad prega dagen.

2020-01-12
vealund

Dagen starta kl 12 med registrering av spelarar. Alle barna i bydelen var invitert, og vi enda med over 80 deltakarar! Deretter gjekk det slag i slag med parallelle kampar på 1/3 bane (ein omgang fotball og ein omgang handball) frå kl 13-15. Som alltid var laga sett saman på tvers av kjønn og alder. Etter barnekampane var det klart for oppgjer mellom "ungdomslaget" og "vaksenlaget". Det enda med siger til den eldre garde - som såg vesenleg meir slitne ut ved kampslutt enn ungdommane.

Full rulle var det også i kafeen, der ein mellom anna kunne kjøpe pizzasnurrar og sveler til ein billig penge, og i møterommet var det rigga til "kino" med barnefilmar. Etter dagens siste kamp blei det servert gratis pizza og saft.

Bruktbutikken har blitt eit fast innslag på Nordnesdagen, og det var fleire heldige kjøparar som sikre seg flotte fotballsko og anna utstyr. Alt utstyret som ikkje blei seld, blir tatt vare på fram til bruktbutikken under NIL-cup i september.

Nordnesdagen er eit miljøbyggande og uhøgtidleg arrangement, som følgjer ein temmeleg fast formel. Men også slike arrangement krev ein solid innsats. I år låg ansvaret hos 2011-kullet, og dei gjorde ein kjempejobb. Nordnes IL takkar komiteen, trenarar og foreldre på dugnad, spelarar og dommarar på banen - og alle andre bidragsytarar.

Nå er vi klar for eit nytt, godt idrettsår!

Nordnesdagen2020%20kollage.png


 
 
 

Kalender

August
MTOTFLS
272829303112
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer