Dommarutviklingsprosjekt i NIL

BU-styret starta i januar dette året eit dommarutviklingsprosjekt i fotballgruppa, under leiing av August Trønnes.

2019-11-03
vealund

Ideen til prosjektet kom i desember 2018 etter at August Trønnes og dåverande leiar i BU-styret Maria Vea Lund deltok på samling i NFF Hordaland for dommarkontaktar og klubbleiarar. Tema på samlinga var mellom anna rekruttering og opplæring av nye dommarar. August hadde på førehand signalisert eit ønske om å vere bidragsytar i Nordnes IL, han har sjølv spelt fotball i Nordnes i mange år og har i tillegg solid erfaring som fotballdommar. På denne bakgrunnen vedtok BU-styret i januar 2019 ein handlingsplan for dommarutvikling i fotballgruppa for 2019-2020. August blei oppnemnt som dommaransvarleg.

Handlingsplanen skal legge grunnlaget for ei aktiv og systematisk oppbygging og utvikling av fotballdommarmiljøet i klubben. Målsettinga vår er (i) å rekruttere fleire klubbdommarar og rekrutteringsdommarar, (ii) at dommarane kjenner tilhøyrsle til klubben og blir ivaretatt av klubben og (iii) å etablere eit støttande og sosialt miljø dommarane imellom. Dommaransvarleg har ansvar for gjennomføring av tiltak skissert i handlingsplanen.

Eit av tiltaka er klubbdommarkurs for medlemmer over 13 år. Dette kurset har som føremål å gi gode haldningar og grunnleggande kunnskap om spelereglane for barnefotballen (5er- og 7er-kampar). Kurset blir halde lokalt i klubbane, av instruktørar frå kretsen. Klubbdommarkurs blei gjennomført i Krutthuset den 2. september og der deltok ein flott og engasjert gjeng på sju 2006-gutar. Til neste år håper vi å få med ein del jenter også.

Eit anna tiltak er å tilby rekrutteringsdommarkurs til medlemmer over 14 år. Også dette kurset er i regi av kretsen og gir ei grundigare innføring i spelereglar, haldningar og dommarfaget elles. Dommarar med rekrutteringsdommarkurs kan dømme opp til og med 16 årsklassen, utanom 1. divisjon 11-er. Per i dag har Nordnes IL tre aktive rekrutteringsdommarar. I tillegg til August sjølv, er det Anna Trønnes og Yngve Vollmer Torvik.

Alle som får dommarkurs dekka av klubben, deltar vederlagsfritt som dommar under NIL-cup det aktuelle året. På dette punktet fortener dommarane våre all mogleg honnør, og kanskje særleg dei som dømte siste helga i eit forferdeleg haustvêr. Tusen takk for innsatsen! På bileta nedanfor er fem av dommarane som stilte opp for klubben under årets NIL-cup.

Dømming av seriekampar både i barne- og ungdomsfotballen blir naturlegvis honorert, og rekrutteringsdommarane får i tillegg dekka dommarantrekk m.m. av klubben. Sesongen 2019 har Nordnes IL hatt seks fotballag der klubben har ansvar for å skaffe dommar til heimekampane. Nytt av året er at det er August som fordeler kampane mellom dommarane i klubben. Dette medfører at trenarane og lagleiarane nå slepp å ta ansvaret for dette sjølv, og utbetaling av honorar skjer direkte frå BU-styret. Erfaringa er at denne ordninga fungerer godt.

Prosjektet held fram i 2020 – vi håper og trur på nok eit år med positiv utvikling i klubben.

 

618.JPG

688.JPG

Kalender

Desember
MTOTFLS
2526272829301
2345678
9101112131415
16171819202122
23242526272829
303112345

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer