NIL-CUP 2019

Årets NIL-cup blei gjennomført den 7.-8 og 14.-15 september – i strålande sol og sommartemperatur den eine helga og i pøsande regn og kald vind den andre helga.

2019-09-17
vealund

I løpet av cupen deltok lag frå 13 klubbar, inkludert Nordnes IL. Nytt av året var at J12 spelte turnering med korte kampar, 4 mot 4 på halv bane.  Totalt blei det avvikla 72 vanlege kampar og 34 kampar i J12-klassen. Vi er særleg glade for at vi også i år fekk gjennomført cup for både jenter og gutar i 7-årsklassen, og vi håper at det blei ei fin oppleving for desse yngste fotballspirene.

Den første helga spelte J/G10 (f. 2009) kampar på laurdagen. På sundagen var bordet dekka for G11 og G12 (f. 2008 og 2007). Det var då 7er-fotball på heile banen, og banen låg bada i sol.

Påfølgjande helg gjekk turen til G8 (f. 2010) og J12 (f. 2007) på laurdagen og J/G7 + J/G8 på sundagen. Då gjekk det parallelle kampar på begge banehalvdelane. Denne helga blei arrangementet sett på prøve som følgje av ekstreme nedbørsmengder på laurdagen og kraftig regn og vind på sundagen.

Cupen blei i all hovudsak avvikla som planlagt, med full fres på banen, kafé, loddbod, musikk, speaker og felles premieutdelingar. Det hadde ikkje vore mogleg utan ein fantastisk innsats frå alle involverte. Dette gjeld ikkje berre cupsjef Cathrine Gravdal og resten av BU-styret, men også lagleiarar, trenarar, dommarar og alle foreldra som stilte på lange dugnadsvakter. I år er det på sin plass å rette ein ekstra stor takk til alle som bidrog den andre cuphelga, inkludert alle påmeldte lag som møtte opp og gjennomførte. Vi håper at de vil komme tilbake neste år!

I tillegg vil vi takke årets hovudsponsorar: Bergensgruppen og Proaktiv Eiendomsmegling, samt øvrige sponsorer: Bergen Vest Rørlegger, Kiwi, PG Elektro, Flex Reklame og Beerenberg.

NIL-cup1-2019.png

NIL-cup2-2019.png

NIL-cup3-2019.png

Kalender

Oktober
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer