Jentesatsing i fotballgruppa

I NFF sin handlingsplan for 2016-2019 er jenter framheva som eit satsingsområde, og fotballgruppa i Nordnes IL har tatt utfordringa!

2019-08-10
vealund

NFF har oppfordra til eit felles krafttak, der vi skal arbeide for anerkjenning av fotball for jenter. Å utvikle og styrke gode, bærekraftige miljø er sentralt for å nå dette målet. Noreg er i verdstoppen når det gjeld aktive fotballjenter, og fotball har lenge vore den største jenteidretten i Noreg. Men vi ønskjer å få med oss enda fleire – og behalde dei aktive jentene enda lenger.

Fotballgruppa i Nordnes IL har på denne bakgrunnen innført «jenteansvarleg» som ei eiga rolle i BU-styret.  I fjor var det Melissa Davidsen Jørstad som hadde denne rolla, i år er det Sandra Pahr.

Sesongen 2019 har vi jentelag i årsklassane J7, J8, J10 og J12,  med ca. 40 aktive spelarar. Til samanlikning har vi gutelag i alle årsklassane opp til G13 og ca. 70 aktive spelarar. Målet er at vi skal ha jentelag på alle trinn i barnefotballen.

For å oppnå dette målet, etablerer fotballgruppa kjønnsdelte lag ved overgangen frå balleik til fotball i mars kvart år. Erfaring viser at eigne jentelag gir best rekruttering og gjer det lettare å halde på jentene. Vi er svært glade for at vi nå har jentelag både på 1. og 2. trinn.

Andre konkrete tiltak som har blitt gjennomført i 2018 og 2019 er fellestrening i juni for alle jentelaga. Føremålet er å bygge miljø på tvers av laga, mellom anna ved at yngre jenter får tildelt ein eldre fotballfadder for sesongen. På 2019-samlinga fungerte dei eldste jentene også som instruktørar, og vi avslutta med grilling og is i takhagen. I tillegg blei det i oktober 2018 gjennomført fellestrening for alle jentene i regi av Sandviken toppfotball. Sandviken-spelarar viste ulike øvingar, og jentene våre fekk utdelt fotball, t-skjorte og andre effektar frå OBOS.

Jentemiljøet har fått ein solid oppsving dei siste par åra, og vi er klar for å stå på vidare!

Jentesatsing1.png

Jentesatsing2.png

Kalender

August
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930311

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer