Ny medlemsansvarleg i Nordnes IL

Kristine Herrebrøden er ny medlemsansvarleg for alle klubbens medlemmer!

2018-11-05
vealund

Nordnes IL har fram til nå hatt ein medlemsansvarleg i kvar av dei ulike gruppene (fotball BU, fotball senior og handball). Nå er ansvaret for alle medlemmene i klubben samla hos Kristine Herrebrøden. Dersom du har spørsmål om medlemskap, pålogging til brukarprofil og/eller betaling av kontingent og treningsavgift, kan du ta kontakt med Kristine på nilmedlem@gmail.com.

Informasjon om dei til ei kvar tid gjeldande satsane, finn du her: https://www.nordnesil.no/NIL/Toppmeny/Medlemskap.html

Betalingsordninga er den same som før: Medlemskontingenten pr. år pr. barn er kr 250. For familiemedlemskap pr. år er prisen kr 500. Dette betyr at for alle familiar som har to eller fleire aktive barn i idrettslaget, så kan også foreldra og andre søsken bli medlemmer utan ekstra kostnad (inntil 5 personar pr. familiemedlemskap). I tillegg til kontingenten, som altså gjeld for eit heilt år, betaler aktive medlemmer ei treningsavgift  pr. halvår. Treningsavgifta er lik sjølv om medlemmet speler både handball og fotball. Kontingent og treningsavgift for våren blir kravd inn i mars kvart år; treningsavgift for hausten blir kravd inn i september. Betaling skjer frå brukarprofilen på nettsida vår, og dersom ein har familiemedlemskap kan alle betalingane gjennomførast frå familiens hovudkonto.

Blir den økonomiske kostnaden for stor, kan de ta kontakt med Kristine. Det viktigaste for oss er at alle barn og ungdommar som har lyst til å vere aktive i klubben, blir med vidare.

Dersom du eller ditt barn ikkje lenger ønskjer å vere medlem i klubben, er det viktig at vi får skriftleg melding om dette. Nye medlemmer kan enten ta kontakt direkte med Kristine eller melde seg inn her på nettsida, ved å klikke på "Bli medlem" under innloggingsfeltet til venstre på skjermen og følgje vidare instruksjonar.

Kalender

November
MTOTFLS
2930311234
567891011
12131415161718
19202122232425
262728293012

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer