25 årsjubileum for NIL-cup

Den 8.-9. og 15.-16. september blei NIL-cup 2018 gjennomført og feira då 25 årsjubileum! Cupen blei også eit jubileumsår verdig, med yrande liv på og rundt Nordnesbanen, 58 deltakande lag og 89 avvikla kampar.  

2018-09-16
vealund

Under årets NIL-cup tok Nordnes IL imot lag frå 16 ulike klubbar frå Bergen og omegn, samt Øystese. Den første cup-helga var det årsklassane 2009-2011 som spelte sine kampar. Både laurdagen og sundagen blei det gjennomført parallelle (og målrike) kampar på to banehalvdelar, med fem spelarar på kvart lag. Den andre helga var det duka for spennande oppgjer mellom lag frå årsklassane 2006-2008. Kampane gjekk då på stor bane, med 7er fotball for 2007-2008 og 6er for 2006. Dette året var det særleg kjekt å sjå 2011-gutane og -jentene i aksjon. Dei fekk oppleve sin aller første NIL-cup, og sjølv om dei er vant til å spele 3er-kampar, handterte dei 5er-formatet med iver og bravur.

Jenter2011.png

Det at heile cupen blir gjennomført på eit såpass lite område som Nordnesbanen, gjer NIL-cup til eit intimt arrangement. Legg vi til speakeren som kommenterer kampane, musikken, loddboden og dei høgtidelege medaljeseremoniane, utmerkar cupen seg som "nokke for seg sjøl". At cupen fell i smak hos dei fleste deltakarane ser vi mellom anna ved at mange lag kjem tilbake år etter år. Vi får også mange fine tilbakemeldingar frå både spelarar, foreldre og trenarar frå andre klubbar, noko vi set stor pris på. Nordnes IL er stolt over å vere vertskap for denne tradisjonsrike cupen, som altså har levd i eit kvart århundre.

Utmarsj.jpgUtmarsj med NIL-fana og slagar frå Nordnæs Bataillon i front.

Cupen er dugnadsdriven, og klubben er dermed avhengig av ein stor innsats frå fotballstyret, trenarar, lagleiarar, foreldre og andre med hjarte for barnefotball og Nordnes IL. Ein stor takk går til alle som har bidratt! Ikkje minst vil vi trekkje fram våre flotte lokale ungdommar, som stiller opp som ulønna dommarar på NIL-cup og gjer ein fabelaktig jobb.

Heia NIL

Kalender

Oktober
MTOTFLS
1234567
891011121314
15161718192021
22232425262728
2930311234

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer