Fotball, handball og samarbeid på tvers - året rundt

2007-jentene i Nordnes IL speler handball og fotball året rundt. På onsdag var det fotballkamp på heimebane i friskt vintervêr, og i helga stod handballturnering for tur. Korleis lar høg aktivitet innanfor begge idrettane seg kombinere?

2018-02-10
vealund

Barneidrettsåret blir i utgangspunktet delt inn i handballsesong (sein haust/vinter) og fotballsesong (vår/sommar og tidleg haust). Men begge idrettane har aktivitet som går langt utover desse sesongane, i form av trening, cupar og treningskampar. Fotballaget til 2007-jentene deltar også i vinterserien, med totalt seks kampar i januar-februar. Aktivitetsnivået er dermed høgt. På dette kullet er det vidare slik at både handball og fotball har relativt robuste jentelag, med 11-12 spelarar på kvart lag, inkludert ei 06-jente på fotballaget. Åtte av jentene driv med begge idrettane. Når begge laga i tillegg har ei imponerande sigersrekke bak seg, er det grunn til å spørje trenarane kva som er oppskrifta på suksessen.

Melissa Jørstad og Øystein Bekken trener fotballaget, mens Christer Thomassen er hovudtrenar for handballaget. Dei framhevar verdien av godt samarbeid og gode vilkår for å drive med begge idrettane. Men kva ligg eigentleg i eit godt samarbeid? – Når vi til dømes meldte fotballaget på vinterserien, skjedde dette i samråd med Christer, og vi har passa på at ingen av kampane kolliderer med handballkampar eller –treningar, forklarer Melissa. Fotballaget unngår også å melde på i cupar som kolliderer med handballen sine serieturneringsdatoar. – Motsett er det slik at når fotballaget sine ordinære seriekampar kolliderer med den eine treningsøkta til handballen gjennom heile sesongen, er det ingen sure miner herifrå, legg Christer til. Det kan naturlegvis vere litt kjedeleg, men jentene blir oppfordra til å prioritere kampane. I det lange løp er det ikkje ei trening frå eller til som utgjer skilnaden. Så lenge dei er i aktivitet, lærer dei av det uansett. I kampsituasjon skjerpar jentene seg, og det er også mykje trening i det.

I tillegg har trenarane ein dialog med tanke på å få i gong fellestreningar. Øystein påpeikar at trening av styrke, kondisjon, spenst og koordinasjon godt kan skje i fellesskap, og viser til at eit slikt opplegg har mange fordelar. – Vi blir fleire trenarar som kan rettleie, vi bidrar til å styrke samhaldet mellom jentene og vi varetar omsynet til at den totale treningsmengda ikkje skal bli for stor for dei som speler både handball og fotball. Dei har jo også behov for fritid og kvile.

Trenarane er likevel samde om suksessen mest av alt kan forklarast med at dette er ein gjeng med greie og treningsvillige jenter. – Dei er omsorgsfulle og kjempeflinke til å gi positiv feedback til kvarandre, skryter Melissa. Ho framhevar også som ein viktig faktor at på dette kullet blei det etablert separate jentelag for både handball og fotball allereie på 1. trinn. Fleirtalet har dermed spelt saman i 4-5 år allereie, og på den tida har det festa seg ein god kultur i gruppa, både sportsleg og sosialt.

Det klare utgangspunktet for trenarane er lik speletid for alle, og dei fokuserer på at det er lagidrett dei driv med. Det viktigste er gode haldningar og godt samspel, ikkje kampresultat. – Men vi er seriøse og krev mykje av jentene, skyt Christer inn. Idrettsglede og vilje til å bli verande i klubben føreset ei kjensle av meistring og progresjon. For å oppnå dette må jentene stille på trening, dei må vere fokuserte og opplegget må vere solid.

Kva er så målet i tida som kjem? Også på dette punktet er trenargjengen samstemt: – Vi vil behalde alle jentene og gjere det vi kan for at den fenomenale utviklinga deira skal halde fram i Nordnes IL så lenge som mogleg.

 

2007

 

 

  














   

 

 

 

Kalender

Juni
MTOTFLS
28293031123
45678910
11121314151617
18192021222324
2526272829301

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer