Bruktbutikk på Nordnesdagen

Nordnes IL arrangerer den tradisjonsrike Nordnesdagen 13. januar 2018! Som vanleg blir det handball, fotball og gratis pizza til NIL-barna. Denne gongen blir det også bruktbutikk med sal av pent brukt treningsutstyr.

2017-11-16
vealund

Nordnesdagen er eit årleg fellesarrangement for NIL handball og fotball. Som tidlegare år vil påmeldte barn bli delt inn i lag på tvers av kjønn og alder, og dei speler uhøgtidlege kampar i Nordneshallen med éin omgang fotball og éin omgang handball. I tillegg blir det arrangert tilsvarande kamp mellom foreldre og ungdommar i klubben. Deretter ventar pizza og sosialt samvær.

Som eit nytt innslag set vi opp ein liten bruktbutikk. Innsamlinga av varer startar allereie nå, så vi ber alle medlemmer og NIL-venner om å finne fram pent brukte sko, klede og anna treningsutstyr (til handball og fotball), som ikkje lenger er i bruk. Utstyret kan leverast til trenarar og lagleiarar i både handball- og fotballgruppa, eller takast med til hallen på Nordnesdagen. Det vil bli seld til ein svært rimeleg pris. På denne måten håper vi at utstyret kan vere til glede og nytte for nye eigarar, samtidig som vi legg til rette for større grad av gjenbruk. Inntektene går til klubben.

Kalender

Mai
MTOTFLS
30123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031123

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer