Fin oppstart for NIL fotballakademi

Nordnes IL har starta fotballakademi, også omtalt som Vinterakademiet. Dei første to samlingane blei gjennomført 4. og 11. november, og på begge deltok omkring 40 ivrige barn.

2017-11-14
vealund

Fotballakademiet er eit tilbod til alle NIL-barn på 2.-7. trinn, som ønskjer meir fotball ved sida av dei ordinære treningane. Kvar samling varer i omtrent tre timar og blir leia av klubbens eigne trenarar. Samlingane inneheld tekniske øvingar, smålagsspel og felles smørelunsj - og både Nordnesbanen og Nordneshallen blir tatt i bruk. Barna blir inndelt i mindre grupper og siktemålet er å gi alle eit tilpassa opplegg.

Dei første samlingane blei gjennomført i godt og vått bergensvêr, utan at det dempa den gode stemninga. Vel blåst til alle som deltok! Dei to neste samlingane, som også blir årets to siste, er sett opp 25. november og 2. desember. Det er framleis mogleg å melde seg på, helst innan 18. november. Ta i så fall kontakt med eigen trenar eller lagleiar.

Akademi2b.png

Kalender

Desember
MTOTFLS
27282930123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031

Aktiviteter

16.12.2017
Damer 6. divisjon seriekamp håndball

09:45 - 10:40

Nordneshallen

16.12.2017
Jenter 13-B seriekamp håndball

11:00 - 11:50

Nordneshallen

19.12.2017
Tirsdagskafe

16:30 - 18:30

Nordneshallen

13.01.2018
Nordnesdagen

11:00 - 16:30

Nordneshallen

Hovedsponsorer