Medlemsansvarlege i klubben

Medlemsansvarlege denne sesongen er Maria Prestmo (for handball) og Maria Vea Lund (for fotball BU), sjå bilete. Dersom du har spørsmål om medlemskap, så ta kontakt. Under følgjer ei forklaring av den nye ordninga med kontingent og treningsavgift.

2017-10-19
MariaPrestmo938

Medlemskontingenten pr. år pr. barn er kr 250. For familiemedlemskap pr. år er prisen kr 500. Dette betyr at for alle familiar som har to eller fleire aktive barn i idrettslaget, så kan også foreldra og andre søsken bli medlemmer utan ekstra kostnad (inntil 5 personar pr. familiemedlemskap).

I tillegg til kontingenten, som altså gjeld for eit heilt år, betaler aktive medlemmer ei treningsavgift pr. halvår. Denne er på kr 500 for barn og kr 600 for ungdom. Treningsavgifta er lik sjølv om medlemmet speler både handball og fotball.

I vår blei det ikkje kravd inn kontingent eller treningsavgift, så nå blei det ei litt stor betaling på éin gong, altså både kontingent 2017 + treningsavgift vår og haust 2017. Totalbeløpet for éitt aktivt barn er dermed kr 1250, og kr 1450 for éin aktiv ungdom. Til neste år vil vi be om betaling av treningsavgift kvart halvår, og kontingent éin gong i året.

Dei som berre har betalt kontingent, eller berre treningsavgift for det eine halvåret, kan logge inn på nettsidene igjen og fullføre betalinga der. Dersom barnet ditt har slutta eller ikkje var aktivt våren 2017, eller den økonomiske kostnaden blir for stor akkurat nå, så kan de kontakte medlemsansvarleg. Gi også ein lyd dersom de treng teknisk hjelp.

Ved teikning av familiemedlemskap får klubben meir i økonomisk støtte frå det offentlege og vi blir fleire som har stemmerett på årsmøtet. Dei som allereie har betalt for to barn kan få gjort om til familiemedlemskap utan ekstra kostnad. Send ein e-post, så skal vi ordne det.

 

Beste helsing frå Maria & Maria

(vealund@online.no - maria.prestmo@hotmail.com)

Kalender

Desember
MTOTFLS
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456

Aktiviteter

Ingen aktiviteter tilgjengelig for øyeblikket

Hovedsponsorer